Bakgrunnen for at vi ønskjer å løfte kompetansen i kommunen, er å gjere dei ulike tilsette i stand til å handtere si rolle i dette arbeidet. Då er KiNS god å ha med på laget, som tilbyr gode og rimelege kurs. Vi har fått fleire gode tilbakemeldingar i etterkant av grunnkurset. Sjølv om kursdagen var lang, var kurset godt balansert mellom teori og oppgåver. Gjennom oppgåvene fekk vi mulegheit til å reflektere over teorien. Dette var ein god måte å gjennomføre eit kompetanseløft på i vår organisasjon, og har danna eit godt grunnlag for dei neste kursa vi skal igjennom. Vi kjem nok til å bruke KiNS-kursa fleire gonger i vår organisasjon framover.
- AASLAUG SØREIDE Servicesjef
Den 3. desember deltok Aukra kommune på eit grunnkurs i informasjonssikkerheit og personvern i regi av KiNS. Vi var rundt 28 deltakarar, som bestod av stabs- og einingsleiarar, avdelingsleiarar og andre nøkkelpersonar. Grunnkurset er det første kurset av fire kurs som denne gruppa av tilsette skal igjennom i løpet av ei kort periode.