Stranda Kommune

Stranda er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen omfattar områda omkring indre del av Storfjorden med fjordarmane Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden, samt fjelltraktene omkring. Desse strekkjer seg i søraust og sør til grensa mot høvesvis Innlandet og Vestland fylke.

Stranda vart oppretta som kommune i 1837 ved etableringa av det lokale sjølvstyret. Kommunen vart i 1892 delt ved utskiljing av Stordal. Etter denne delinga utgjorde Stranda 276 kvadratkilometer og hadde 1521 innbyggjarar. Stranda fekk dei noverande grensene sine i 1965, ved ei samanslåing med Sunnylven. Då hadde Stranda si befolkning auka til 3437 innbyggjarar.

Stranda grenser i nordaust og aust til Fjord, i søraust til Skjåk i Innlandet, i sør til Stryn i Vestland, i sørvest til Volda, i vest til Ørsta og i nordvest til Sykkylven.

Stranda er først og fremst ein industrikommune. I 2019 var 32 prosent av arbeidsplassane til kommunen i industri, 46 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon.

Industriutviklinga i Stranda byrja i 1907 med eit korgmøbelverkstad. Ei rekkje møbelfabrikkar vart etter kvart etablerte, og i 2019 utgjorde møbelindustrien 15 prosent av industrisysselsetjinga. Dominerande industribransje etter sysselsetjing er likevel næringsmiddelindustrien, med mellom anna Stabburet Stranda (mellom anna Pizza Grandiosa) og Grilstad AS avdeling Stranda (kjøttvarer). Desse hadde 70 prosent av dei sysselsette i industrien i 2019. Elles har kommunen mindre innslag av verkstadsindustri (i alt elleve prosent), samt maskinindustri (seks prosent), metallvareindustri (fem prosent) og gummi-, plast- og mineralsk industri (tre prosent).

Turisttrafikken har stor økonomisk betydning fleire stader i kommunen, men har ei særleg betydning i Geiranger. I Hevsdalen vest for kommunesenteret ligg Strandafjellet Skisenter som er tidlegare kåra til Noregs pudderparadis.

Kontakt

Besøksadresse: Øyna 13, 6200 STRANDA
Kontaktpersoner

Lenker

Nyttig

Nyttige verktøy til bruk i lokalt arbeid med informasjonssikkerhet og personvern
Verktøykasse
KiNS består i dag av over 370 kommuner, fylkeskommuner og bedrifter.
Bli Medlem
Hold deg oppdatert på KiNS sine aktiviteter og nyheter gjennom vårt nyhetsbrev
Meld deg på nyhetsbrev